SAMAN FOR GUDS ANDLET
SAMAN FOR GUDS ANDLET
Dette tekstutdraget fra gudstjenesteboka SAMAN FOR GUDS ANDLET sier noe om hvorfor vi samler oss til gudstjeneste i den norske kirke.

Saman for Guds andlet

(Innleiingsavsnittet i Gudstenestebok for Den norske kyrkja 2011)

I gudstenesta kjem menneske saman for å søkja Gud. Å feira gudsteneste blir i Salmane i Det gamle testamentet uttrykt slik: å koma fram for Guds andlet, i glede og i ærefrykt. I Salme 42 heiter det: ”Mi sjel tørstar etter Gud, etter den levande Gud. Når kan eg få koma og tre fram for hans åsyn?”

Kva gudsteneste, er kan samanfattast i dei fire orda saman for Guds andlet.

Vi kan ha mange og ulike grunnar for å gå til gudsteneste. Den djupaste grunnen ligg likevel ikkje i oss sjølve, men i at Gud kallar oss saman til gudsteneste. Det ser vi i forteljinga om Israels utferd frå Egypt, der Gud seier: ”Lat folket mitt fara, så dei kan halda gudsteneste i øydemarka” (2 Mos 7,16). Folket vart fridd frå slaveriet og frigjort til gudsteneste.

Gudstenesta har sitt eige formål. Her tener Gud oss, og vi tener Gud, fordi Gud vil ha fellesskap med oss. Jesus Kristus stadfester dette når han seier at ”der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei” (Matt 18,20).

For den første kristne kyrkjelyden var det sjølvsagt å samlast til gudsteneste. I Apostelgjerningane blir det sagt slik: ”Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbringa og bønene” (Apg 2,42).

I nesten to tusen år har den kristne gudstenesta vore feira - og i vårt eige land i meir enn tusen år. Heile denne tida har gudstenesta hatt ein felles grunnstruktur, med Ordetog Nattverden som hovudelement, og med søndagen som dagen for feiring av Kristi oppstode og nærvær. Mykje anna som vi opplever som viktig i gudstenesta, har variert med tid og stad, og artar seg ulikt også i dag. Samtidig har kyrkjesamfunna nærma seg kvarandre, ikkje minst ved at den rolla som medlemene av kyrkjelyden har i gudstenestelivet, har vorte styrkt.

Heile gudstenesta er prega av at vi er saman for Guds andlet. Difor blir gudstenesta avslutta med den urgamle aronittiske velsigninga: ”Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred.” (4. Mos 6,24-26)

At Guds andlet lyser over oss, er avgjerande for vår eksistens, også når vi går kvar til vårt. Då blir vi sende ut til teneste i kvardagen, for Gud, medmenneska våre og alt det skapte. 

23. november 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Tinn kirkelige fellesråd Powered by Agrando