Dåpsgåva - eit brev frå biskopane i Den norske kyrkja


I 2020 er dåp eit satsningsområde for Den norske kyrkja.
Søndag 12. januar og dei næraste søndagane blir eit brev frå biskopane lest opp i kyrkjene våre.

Les brevet HER

 

Dåpsgåva
I året som ligg framfor oss, vil vi i kyrkja gi dåpen ekstra merksemd.
Kva har vi i dåpen? Kvifor skal vi døypast?

Heilt sidan Jesus bad oss om å døype, har menneska søkt dåp.
Dåpen er eit mysterium. Ord kan ikkje fullt ut beskrive det som skjer. Vatnet blir aust opp i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande.
Ved evangeliet, det levande Ordet, blir vatnet ei nådekjelde. Dåpen gir
oss del i påskeforteljinga om Jesus som døydde og stod opp av grava.

Tradisjonen vår er å bere barn til dåpen. Vi feirar det nye livet og legg barnet i Guds hender. Foreldre gjer mange val for barna sine. Når eit barn blir døypt, svarer foreldra og fadrane ja på vegner av barnet. Men det er aldri for seint å bli døypt. Når ungdom og vaksne blir døypte, svarer dei sjølve ja. Også då står fadrar klare til å hjelpe den døypte til å leve i dåpen og trua på Jesus. Bibelforteljingar, bøn, nattverd og tilhøyrsle i kyrkja er ein del av dåpsvelsigninga.

Vatnet i den kristne dåpen er eit teikn som rommar både liv og død. Vatnet er livsgrunnlaget vårt og samtidig ein trussel. Når vi feirar dåp, set vi derfor òg ord på og tek avstand frå det som er vondt og imot Guds vilje. Det gjer vi i fellesskap når vi forsakar djevelen og vedkjenner oss trua. Dåpen skjermar oss ikkje mot vondskap, synd og destruktive krefter. Han gir oss eit løfte og eit håp om at livskreftene er sterkare, og at Gud tilgir oss og reinsar oss for all urett.

Livet fører oss opp og ned. Vi er både sterke og sårbare og treng å høyre til i ein samanheng. Kor ulike vi enn er, i dåpen blir vi eitt på tvers av alt som skil oss. Dåpen gir oss fellesskap med Kristus og med kristne søsken i den lokale kyrkjelyden og i den verdsvide kyrkja. Dette fellesskapet strekkjer seg over tid og rom, for det er éi tru, éin dåp og éi kyrkje. Det vi får i dåpen, gir oss mot og styrke til å elske Gud og nesten vår.

Dåpen er ei gåve frå Gud, gitt av nåde, tre handfuller vatn, auste opp i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande til evig liv. Vi går framtida i møte saman med Kristus.

Tilbake