Tinn > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


AVLYST «Påskesalme og telespel»


AVLYST

Konsert i Austbygde kyrkje, påskedagen 12.04. kl 18.00

Knut Arne Snøås, orgel. Knut Buen forteljing og felespel

Organist Knut Arne Snøås frå Hovin og Knut Buen frå Tuddal har hatt eit musikalsk samarbeid på gang gjennom mange år. Det har serleg vore i høve framføringar i ulike kyrkjer og dei hadde også eit omfattande samspel på cd-plata «Langt inn i hugheimen» der innhaldet er ei hylding av heimleg kulturarv, gjeve fyredøme og folkemusikk frå Telemark. Når det no er duka for eit gjenhøyr i Austbygde kyrkje, sundag 12. april, så vil heimleg musikktradisjon, lokal kultur og kristenarv vera sentral i programmet. Påskedagen med sin glade bodskap vil bli poengtert, både verbalt, musikalsk og ved tonefylgje til salmesong med kyrkjelyden. Noko vil vera kjend tradisjon og det vil også bli presentert ei ny påskesalme som skal lærast burt  og øvast inn med dei frammøtte. Tinn Sokneråd stend som arrangør og ynskjer både bygdefolk og tilreisande hjarteleg velkomne til ei hyggestund med heimleg kristenarv og telemarktradisjon, i solo  og samspel, på orgel og hardingfele.

Tilbake