Tinn > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Konfirmantleir på Gjennestad


Ein viktig del av konfirmantopplegget er leiren på Gjennestad i samarbeid med fleire av kyrkjene i Øvre Telemark

For første gang i 2019 var våre konfirmanter med på leir på Gjennestad.
170 konfirmanter var samla på denne tradisjonsrike gartnerskulen, nå vidaregåande skule - med vakkert opparbeida parkanlegg. Det var ei svært hyggelig lita veke - med god mat, leik og moro, undervisning, gudsteneste, gruppearbeid og meir. Ungdomsledere var ein viktig del av det. Likeså foreldre som var med i teneste på kjøkken. Hyggelige samtaler og trivelig fellesskap var det!
 

I fleire år har det vore to leirer på Skirva. Men frå 2019 vart Tinn og Rjukan med på det felles opplegget Ønsket og Elsket. Det er eit arbeid bygd opp over fleire år. Og vi er glad for å vere med på det.

I år er det unntak på fleire måter på grunn av offentlige tiltak for å hindre smittespredning av Korona. 
Planen nå er å ha leir på Gjennestad  for våre konfirmanter 24. - 28. februar 2021. Det er siste del av vinterferien frå onsdag til søndag.

Planen er god å ha, men som dei fleste vil forstå kan dette bli endra ved nye tiltak frå sentrale, regionale eller lokale myndigheter.

Tilbake