Søndag 24. mai blir det Høgmesse med dåp i Atrå kyrkje kl 11, og Høgmesse i Hovin kyrkje kl 17
Det kjennes godt at me nå kan ha gudstenester igjen.
Først ut er Atrå og Hovin søndag 24. mai
Onsdag 27. mai kl 20 er det Taizegudsteneste i Mæl kyrkje
Følg med på kalenderen for å følge med på når dei neste gudstenestene er
I kalenderen kan du finne informasjon som dette
Vel møtt til Høgmesse
Bøn
Heilage, underfulle Gud,
du synte ikkje di makt i stormen, men i lyden av stilla.
Vi bed deg:
Send oss din Ande, så vi kan læra sanninga å kjenna. Lat oss som Maria og apostlane å få halda trufast saman bøn,
ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre,
som med deg og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve.
Amen
Salmer - med link til framføring av salma i Salmeboka minutt for minutt!
N13 550 1-2 Dette er dagen
N13 591 Det skjer et under i verden
N13 227 Sannhets tolk og taler
N13 602 Lat kvar jordisk skapning teia
N13 343 Hvilken venn vi har i Jesus