Kyrkjeboka mi - ei gåve til 4 åringane i Tinn


Som ein del av trusopplæringa deler me ut bøker til 4 åringane i Tinn.
Kun dei som er døypt (nye offentlege retningslinjer) får brev i posten med invitasjon til gudsteneste med utdeling av bøkene.
Me vil gjerne nå ut til alle!
Ring kyrkjekontoret om du ønskjer bok til din 4 åring.
Telefon 35082860

 

[BILDETEKST]

Kyrkjeboka mi (nyn)

Bli med Astrid, Sara og Sigurd gjennom eit heilt år

 

Vi følgjer venene Astrid, Sara og Sigurd gjennom eit heilt år. I barnehagen, heime, hos kvarandre, på tur i skogen og i kyrkja. Saman utforskar dei verda og deler både sorger og gleder. Går det verkeleg an å ha ein hemmeleg ven? Og kven kan eigentleg hjelpe oss når vi går oss bort? Kven skal redde fiskane i havet, om vi ikkje gjer det sjølv?

Boka følgjer årstidene og høgtidene i kyrkja, med forteljingar om Jesus, om skapinga, ei kveldsbøn og nokre kjente songar.

Forfattar Sindre Skeie har skrive ei fengjande og varm fortelling om å vere fire år. Sindre skeie er prest, salmediktar, komponist og forfattar. Til dagleg arbeider han ved Diakonhjemmet i Oslo.

Boka er tenkt som utdelingsbok for fireåringar i kyrkja. Ho er tematisk delt inn i fire delar, retta mot kvar årstid. Ho startar med våren, men ein kan også starte med den delen som passer best til årstida som boka vert delt ut.

Her kan du bla gjennom det første kapitlet i boka.

Tilbake